På Bokelskere.no kan du fylle di eiga bokhylle med alle bøkene du har lese, eller som du ønskjer lese utan at det vert plassmangel! Supert for oss som les og ønskjer oss mange bøker, og som har problem med å halde oversikta. Bokhylla di kan du så dele, og du kan kike i hyllene til andre for å få inspirasjon. Skriv bokomtaler, ranger med terningkast, lag lister med anbefalingar, sjå kva andre held på å lese, og delta i diskusjonar om bøker.
Dette er ein flott måte å oppdage nye titlar, og møte og diskutere med andre som har same boksmak som deg. Det er i tillegg kome til ein heilt fersk funksjonen som let deg søkje etter bøkene hjå ditt næraste bibliotek. Biblioteka i Indre Sunnfjord ligg for eksempel i lista, og alle bibliotek med websøk kan bli implementert i lista meld frå til bokelskere@gmail.com.