For dei som ikkje såg programmet blei varslaren Kari Breirem, jurist og korrupsjonsjegar i Frankrike, Eva Joly og økonom Bent Sofus Tranøy intervjua. Breirem gav i fjor ut boka På BA-HR bakke : en varslers historie, Joly har gitt ut tre bøker - den siste i 2007 med den talande tittelen Jakten fortsetter. Tranøy fekk Brageprisen i klassa for faglitteratur i 2006 med boka Markedets makt over sinnene. Ein anna varslar, Per-Yngve Monsen, har skrive historia si i boka Muldvarp i Siemens. Den kom ut i år. Dramaet til doktor Stockmann i En folkefiende av Henrik Ibsen utgitt i 1882 er stadig like aktuelt. 

Brotsverk og straff: Kor mange bøker er ikkje gjeven ut med dette temaet, og talet på krimbøker som blir lesne i høgtida som nærmar seg er ikkje akkurat lite heller. Boka Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevski renn meg i hug når eg skriv. Den er blitt ein klassikar, men er ikkje noko lettlest bok akkurat. 

Programleiar Hans Olav Sanner i Bokprogrammet anbefalte ein norsk roman som kom ut i fjor, Ingen vitner for vitnet av Christian Refsum. Den har eg lese og boka er absolutt verdt å bruke tid på. Sanner viste også til skodespelet Semmelweis av Jens Bjørneboe som døme på ein tekst om eit menneske som kjempa mot mektige krefter.

Det er blitt hevda av litteraturforskarar at Mordet paa Maskinbygger Roolfsen (1839) av nordmannen Maurits Hansen er av dei første utgitte kriminalforteljingane i verda. Dette er det nok delte meiningar om, men vil de lese meir om forfattaren som var samtidig med ein av dei første og banebrytande i denne særs populære sjangaren, amerikanaren Edgar Allan Poe, finn fram biografien til Arve Fretheim frå 2006 med tittelen Livets kolde prosa : Maurits Hansen og hans samtid.

I sjangaren noveller er mange godbitar innbundne mellom stive permar i antologiar eller i enkeltutgjevingar av ein forfattar. Novellene er som de veit korte, og kan passe dei som ikkje likar eller ønsker å lese lange tekstar. Også er det slik at ein av sjangarforventinga til novella er ei overraskande vendig eller ein uventa slutt. Slik kan ho gje spaning og leseglede. Novellesamlinga Brønnene (2006) av Hans Herbjørnsrud kan vere eit alternativ, spesielt novella Skjelettet og anatomiboka der handlinga tangerar livet til Henrik Wergeland.

Til slutt. Purpurhjertene : rapporter fra en Vietnamsoldat (1987) av Fredrik Skagen gjorde eit sterkt inntrykk då eg gav meg i kast med boka i ein alder av nokre og tjue. Kvifor? Jau, på grunn av spaninga lesinga gav meg. Boka var ikkje til å leggje i frå seg før ho var til endes.