Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har inngått eit samarbeid med NLA Høgskolen i Bergen om å tilby studiet Munnleg formidling som desentralisert tilbod i Sogn og Fjordane frå hausten 2014. Dette er ei unik mulegheit som gir studentane formell kompetanse og verdifull erfaring i formidling.

Vidareutdanninga er på 15 studiepoeng og vil bli strekt over 2 semester/eitt år (normert tid på eitt semester er 30 stp. ved fulltidsstudium). Studiet har tre samlingar à to vekedagar pr. semester, og avsluttast med eksamen i mai 2015. Undervisninga vert lagt opp som ein kombinasjon av foredrag, seminar, arbeid i grupper, individuell rettleiing i tillegg til sjølvstudium, og skal vere knytt til praksisnær kvardag ved biblioteket.   

Sjå nærare detaljar om studieinnhald på NLA sine heimesider

 

Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studieavgift: Kr 10.000. I tillegg til kostnader knytt til reise, opphald og studiemateriell. Deltakarane kan søkje arbeidsgjevar, fagforeining e.l. om økonmisk støtte.  Studenten må også påkoste avgift til Studentsamskipnaden i Bergen (p.t. 470,-).

Studiestad: Samlingane vert lagde til Sogn og Fjordane.

Oppstart: September 2014.


Ved spørsmål, ta kontakt med Siv Hatlem på e-post eller telefon 57 63 79 52.