Klassane som vert trekt ut som juryklasse får tilsendt eksemplar frå fem ulike bøker utgitt i 2015. Klassen får i oppgåve å lese og vurdere desse bøkene i perioden frå februar til mai 2016. Som hjelp i arbeidet får kvar klasse også besøk av ein profesjonell kritikar.

I mai skal lærar og to elevar frå kvar juryklasse møtast for å bli einige om den beste boka. Boka vert vinnar av årets Upris! Det kostar ikkje klassen noko å vere med på prosjektet, anna enn å setje av mykje tid til litteratur.

Sagatun skule i Balestrand er ein av klassane frå Sogn og Fjordane som har vore med som juryklasse tidlegare. Lærar Liv Ese seier følgjande om å jobbe med Uprisen:

Eg ser at denne måten å arbeide med litteratur på er god. Elevane oppelver at dei gjer ein viktig jobb fordi dei får vere med på å seie noko om den litteraturen dei får tilbod om. At klassane får hjelp frå ein profesjonell kritikar er med på å heve den faglege standarden, noko som kjem både elevane og lærarane til gode. Eg vil absoutt tilrå andre klassar å bli med som juryklasse!

Hjelp oss å spreie ordet til lærarar på ungdomstrinnet!

Søk innan 10. okotober
For å bli vurderte må de sende ein kortfatta søknad innan 10. oktober til Bente Lund ved fylkesbiblioteket.
Fortell kort om klassen, skulen og korleis de jobbar med litteratur. Og kvifor de ønskjer å delta som juryklasse for Uprisen.

Offentleggjeringa av juryklassane er 1. november, og skulane som har søkt får svar innan dette. Det er Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane som avgjer kva klasse som får oppdraget som juryklasse i 2016.

Ved spørsmål ta gjerne kontakt på telefon 57 63 79 51 eller e-post til bente.lund@sfj.no

Uprisen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk litteraturfestival og fylka som kvart år er representerte.

For meir informasjon om Uprisen og kva som krevjast for å delta, sjå vedlagt skriv frå Foreningen !les nedanfor.