Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Høgskolen i Oslo og Akershus arrangerte 9. november seminar for å dele erfaringar frå eit utviklingsprosjekt om litteraturformidling frå Sogn og Fjordane. 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Høgskolen i Oslo og Akershus og kommunane Bremanger, Gloppen, Flora, Balestrand og Sogndal har sidan 2014 sett på korleis utvikle eigen formidlingspraksis med utgangspunkt i barns og unges lesarhistorier. Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skular og barnehagar kan samarbeide om å skreddarsy formidlinga til den einskilde.

Alt i 2014 løyvde Nasjonalbiblioteket pengar til forprosjektet til «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» der ein valte ut satsingsområde og inviterte med kommunane som har tatt del i prosjektet. Tilskotet frå Nasjonalbiblioteket har samla vore på kr 1 470 000.

- Prosjektet er eit resultat av eit tydeleg behov for tettare samarbeid mellom skule, bibliotek og barnehage innan litteraturformidling og lesestimulering. Det er også eit behov for å evaluere formidlinga meir systematisk, og vi har difor også engasjert HiOA i arbeidet, fortel fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

Prosjektet vert avslutta i år, men arbeidsmetodane som er utvikla vert vidareførte ute i kommunane. HiOA jobbar vidare med ein publikasjon som vil kome ut ila. 2018 eller 2019.

Meir informasjon om prosjektet og kvart delprosjekt samt etterkvart presentasjonar frå seminaret finn ein her: fylkesbiblioteket.sfj.no/lesarhistoria