Alle folkebiblioteka i fylket og fleire av biblioteka i vidaregåande skule er med i ordninga, og utlånet fordeler seg på stort sett alle biblioteka som er med.

Sidan oppstarten i april 2014 har det blitt lånt ut 8 551 bøker, dvs. ca 32 om dagen i gjennomsnitt. Utlånet har auka jamnt og trutt heile året, med det høgaste utlånet i desember, men vi hadde også ein ekstra topp i feriemånaden juli. Utlånet har fordelt seg slik:

MånadUtlån
April604
Mai750
Juni871
Juli1174
August948
September920
Oktober1026
November1039
Desember1219
Totalt8551

Lånet fordeler seg med 6831 utlån av vaksenbøker, 1720 barne-/ungdomsbøker. Det er no 915 titlar å velje mellom, av desse er 273 barne-/ungdomsbøker, og 742 vaksenbøker. Kvar tittel har minimum to "eksemplar" til utlån.

Ikkje alle lånarar er registrert med kjønn og/eller alder, men det ser ut til kvinner 40-åra er dei ivrigaste lånarane. Når ein kjem over 75 år er det menn som dominerer.

Utlån fordelt på kjønn og alder:

Ein del av bøkene som er til utlån

 

AlderKvinnerMenn
1-1372 39
14-2024422
21-251393
26-3026129
31-3525265
36-4036099
41-45691213
46-50666173
51-5535464
56-60405124
61-65206130
66-70291110
71-7510329
76-801059
81-90 19
Ufordelt: 3319
Totalt: 8551

Boka som i særklasse har blitt lånt ut mest er Sønnen av Jo Nesbø, med 151 utlån. Etter denne er det litt jamnare:

1. Nesbø, Jo / Sønnen, 151
2. Arnaldur Indriðason / Reykjaviknetter, 61
3. Ravatn, Agnes / Fugletribunalet: 60
3. Egeland, Tom / Den 13. disippel, 60
5. Riley, Lucinda / Midnattsrosen, 58
6. Corporon, Yvette Manessis / Når sypressene hvisker, 56
7. Ohlsson, Kristina / Papirgutten, 54
7. Teige, Trude / Jenta som sluttet å snakke, 54
9. Nesbø, Jo / Politi, 53
10. Elkeles, Simone / Perfekt kjemi, 52
11. James, E.L. / Bundet, 49
11. Fossum, Karin / Helvetesilden, 49
13. James, E.L. / Fri, 48
14. Walliams, David / Gangster-bestemor, 47
15. Adler-Olsen, Jussi / Alfabethuset, 46

Meir informasjon om korleis ein låner ebøker: ebok.sfj.no og ebokbib.no.