Det vart i fylkestinget lagt fram to framlegg som begge gjekk på å vidareføre drifta av bokbåten. Fleirtalet, Ap, Sp og SV, røysta for å auke løyvingane til hovudutval for kultur med 800 000 kroner.

Løyvinga skal nyttast til vidare drift av bokbåten, samstundes som hovudutvalet får fullmakt til å sjå på korleis drifta av bokbåten kan optimaliserast. Framlegget vart vedteke med 23 mot 16 røyster.

Mindretalet gjekk inn for å løyve 850 000 kroner kvart år direkte til drift av bokbåten i perioden 2011-2014.

Evaluerast etter tre år
Ordninga med bokbåten skal evaluerast innan tre år. Kjelsnes understreka at det no er viktig å sjå på korleis ein kan tilpasse bokbåten til den tida vi lever i.

— På enkelte område konkurrerer bokbåten i dag med landbiblioteka, og dette må vi justere. Bokbåten er eit unikt tilbod og må nyttast til å gi gode tenester der det er behov for det, seier Kjelsnes.

Plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2010-2014.