Nasjonalbiblioteket er tildelt 1.9 millionar kroner til arbeid med utvikling av Den kulturelle nistepakka, arbeidet er ei vidareføring av arbeidslivets leseløft. I den samanheng vert biblioteka oppfordra til søke midlar og utvikle sitt tilbod til arbeidsplassar i form av ny formidling, arrangement eller andre tiltak.

Verdt å merke er at Nasjonalbiblioteket kan vere behjelpeleg med å etablere kontakt mellom folkebibliotek og arbeidsplassar, og at det ikkje er krav om kommunal eigendel til prosjekta i Den kulturelle nistepakka.

Søknadsfrist er 15. juni 2012, nærare informasjon er vedlagt.

Sjå mal for søknader