Eit litt lågare utlån ved Gloppen folkebibliotek i 2007 jamført med tala for året før. I det heile lånte brukarane av folkebiblioteket i Gloppen kommune vel 42000 bøker og anna materiale førre år. Sjå heimesida til folkebiblioteket: http://www.gloppen.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=4353&back=1&MId1=1&MId2=64& Astrid Lindgren var mest utlånte barnebokforfattar, Rune Angell-Jacobsen toppa utlånslista for vaksen litteratur. Hjem av Anne Karin Elstad mest utlånte skjønnlitterære enkelttittel for vaksne i 2007. Soga om Gloppen og Breim raga høgast på lista over sakprosaen for vaksne. Hvor er Willy? av Martin Handford var den tittelen borna i Gloppen lånte hyppigast i fjor. Når det gjeld fagbøker for barn er boka Sketsjer å finne øvst på utlånslista. Har du informasjon frå biblioteket om "tre på topp" i utlån i 2007 av barne,- ungdoms- og vaksenbøker og andre media i ulike sjangrar? Del statistikken på Fybbloggen!