I fjor haust blei lydboka Digiboka (digital boka) lansert. Den er kort fortalt det, skal vi seie, kunstnarlege produkt og avspelar i eitt medium, sjå omtale i Dagbladet, http://www.dagbladet.no/kultur/2007/11/14/518198.html Biblioteksjef Torill Berge ved Gloppen folkebibliotek på Sandane fortel til Fybbloggen at biblioteket før jul kjøpte inn fem-seks digiboktitlar for born, ungdom og vaksne lånarar, og desse er populære hos brukarane. - Digibøkene gjekk ut ganske kjapt, og eg reknar med at vi kjøper fleire titlar. Noko av det vesentlege med dette, meiner eg, er at biblioteka tilbyr medium når dei er nye og aktuelle. Vi bør ha tilbod av både eldre og nyare media, seier biblioteksjef Berge. Digibøkene er levert med batteri og høyretelefonar. Gloppen folkebibliotek har valgt å låne ut digibøkene utan desse hjelpemidla. Kvar enkelt lånar må ordne med batteri og lytteutstyr sjølv. - Vi har laga til ein liten lapp med informasjon på kvart digibok-eksemplar der brukaren i tillegg til opplysingane om batteriet og høyretelefonar får beskjed om å slette bokmerka han har laga i digiboka, fortel Torill Berge. Brukarane av denne nye typen av lydbøker ved Gloppen folkebibliotek har gjeve inntrykk av at dei er greie å bruke, legg biblioteksjefen til. Då er eventuelt litt ekstra tid med registering og ordning av digiboka vel verdt tid. Er det andre bibliotek med erfaringar om utlån av digibok? Del desse på bloggen!  Kampen på lydbokmarknaden i Noreg hardnar til. No er Lommelydboka lansert, og det er vel kanskje berre snakk om tid før endå eit format kjem, sjå oppslag i Dagbladet frå tidlegare i januar, http://www.dagbladet.no/kultur/2008/01/11/523599.html. Spørsmålet er vel korleis biblioteka skal forhalde seg til denne utviklinga? Eg har tru på å stille seg i ein mellomposisjon: følg med og prøv gjerne ut nye media, men ver kritisk, vurder nøye kva som er døgnfluger, og kva som vil vare og halde seg over tid.