Merete Byrøygard og Linn T. Sunne kjem også i år til Sogn og Fjordane for å presentere det dei ser som høgdepunkta av dei norske og utanlandske kulturfondbøkene for vaksne i 2017. Merete Byrøygard er barne- og ungdomsbibliotekar i Lom, og Linn T. Sunne forfattar og litteraturformidlar ved Oppland fylkesbibliotek. 

I tillegg vil bibliotekfolk frå fylket dele leseopplevingar frå bøkene som kom i fjor: Sindre Hovland Søreide frå Fjaler, Torill Berge frå Gloppen, Iren Riksheim Østvik frå Førde, Ylva Seljenes frå Vågsøy og Astrid Sundset Moe frå fylkesbiblioteket.

Samlinga vert i Førdehuset, Lisjesalen.

Program for dagen:

09.30 Registrering og kaffi/te
10.00 Merete Byrøygard og Linn T. Sunne
11.45 Lunsj
12.15 Merete Byrøygard og Linn T. Sunne
14.00 Presentasjonar ved bibliotekfolk i fylket
16:00 Slutt

Pausar etter behov.

  • Påmeldingsskjema
  • Pris: 500 kr, inkl. enkel lunsj.
  • Påmeldingsfrist: Mandag 30. april.