B. Byrøygard er fungerande biblioteksjef i Lom, og Linn T. Sunne forfattar og litteraturformidlar ved Oppland fylkesbibliotek.

Dei skriv:

"Både bokbloggar på nettet og bokhandlane fløymer over av bestseljarar, ein trend som tvingar særleg norske romanar inn i skuggen. Det blir såleis ganske tilfeldig kva for forfattarar og bøker som blir «oppdaga» og trekte fram i ljoset for lesarane –alt etter som kven som les og omtalar desse romanane. Mange av bøkene som blir utsende frå kulturrådet, blir på norske bibliotek ofte berre sette på hylla utan meir merksemd, og det blir også her gjerne tilfeldig kva for bøker og forfattarar som blir «oppdaga» og får sin fortente lesarkrins... Gjennom levande formidling ønskjer vi at desse bøkene skal kome ut til folket via biblioteka, og at fleire lånarar slik skal få oppleve både breidda og trendar i ny, god litteratur."

Meir informasjon om programmet og påmelding kjem snart, men hald av dagen allereie no!