19. april kjem Merete Byrøygard og Linn T. Sunne til Sogn og Fjordane for å presentere det dei ser som høgdepunkta av dei norske og utanlandske kulturfondbøkene for vaksne i 2015. Merete Byrøygard er fungerande biblioteksjef i Lom, og Linn T. Sunne forfattar og litteraturformidlar ved Oppland fylkesbibliotek. 

I tillegg vil bibliotekfolk frå fylket dele leseopplevingar frå bøkene som kom i fjor: Mona Svendsen frå Vik, Eli Eidsvik frå Flora, Marthe Holien Bø frå Stryn, Ylva Seljenes frå Høyanger, Jorun Systad frå Førde, Robert Haugen og Siri Ingvaldsen frå fylkesbiblioteket. 

Samlinga vert i Førdehuset, Lisjesalen.

09.30   Registrering og kaffi/te
10.00   Merete Byrøygard og Linn T. Sunne
10.45   Pause
11.00   Merete Byrøygard og Linn T. Sunne
11.45   Lunsj (lasagne m/salat)
12.30   Merete Byrøygard og Linn T. Sunne
13.00   Presentasjonar ved bibliotekfolk i fylket
13.45   Pause
14.00   Presentasjonar ved bibliotekfolk i fylket
14.45   Avslutning

Pris: kr 500,- inkl. lunsj, kaffi/te

Bindande påmelding innan 11. april.

Påmeldingsskjema