Med utgangspunkt i ein oppdatert versjon av sjekklista som vart utarbeidd i 2004 av ABM-utvilkling og Delta-senteret i samband med prosjektet Det tilgjengelige bibliotek, har så langt ti av 18 bibliotek i Østfold gjennomført kartlegginga. Kartlegginga er eit ledd i arbeidet med å utvikle universell utforming som ein regional strategi.
Så langt syner kartlegginga at alle dei ti biblioteka har forbetringspotensiale, og at mykje handlar om å vere medviten hindringar og å finne gode løysingar som ikkje nødvendigvis kostar mykje. Rapporten frå arbeidet kjem i april.
Skal bibliotekene bli en møteplass og sosial arena i lokalmiljøet, må lokalene bli mer tilgjengelige og attraktive, fortel prosjektleiar Anne Berit Brandvold på Østfold fylkesbibliotek sine heimesider.
Universell utforming i biblioteka
Østfold fylke er i 2011 valt til pilotfylke for Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge, og har fått midlar frå Delta-senteret til å utføre ei kartlegging av kor tilgjengelege biblioteka er.