Kjersti Wøien Håland og Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim (29) og Kjersti Wøien Håland (28) tek turen rundt til bibliotek i Nordfjord og fortel om forfattarskapen sin og om kvar dei finn inspirasjon til diktinga si. Hege Lothe leiar den litterære samtalen.

Håheim og Håland er to unge forfattarar frå Sogn og Fjordane som har markert seg som interessante stemmer i norsk litteratur dei siste åra. Begge er representerte i antologien Ren poesi som kom i 2015, og som inneheld om lag 100 dikt som først var publiserte på biletdelingstenesta Instagram.

Marianne Clementine Håheim (fødd 1987) frå Jølster kom med si første bok i 2012, diktsamlinga Bilydar. «Oser av talent», melde Brynjulf Jung Tjønn i VG, og «I Marianne Clementines poesi møtes litterær selvbevissthet med ekte fortvilelse», skreiv Bjarne Markussen i Fædrelandsvennen om utgjevinga. Tre år etter kom boka Svart belte, ei sterk historie om ei ung jente som sakte, men sikkert svelt seg sjuk. Som lesar får vi innblikk i verdsbiletet til ein anorektikar, vi opplever stålviljen og oppfinnsamheita hennar, korleis ho gradvis forsvinn inn i eit univers der dei kring henne ikkje lenger kan nå inn til ho. Les meir om Marianne Clementine Håheim

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) frå Høyanger debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. Året etter kom romanen Dommedøgn, og i 2015 vart lyrikkboka Panikk! gitt ut. Dommedøgn handlar om bebuarar på staden Berg og deira kamp for tilveret under eit trugande fjell og i ein situasjon der hjørnesteinsbedrifta skal leggast ned. Boka vart nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2015. I juryuttalen heiter det mellom anna: «…gripende beretning om hvordan menneskene som bor i Berg leter etter mening når hjemstedet deres er i ferd med å bli tømt for funksjon». Les meir om Kjersti Wøien Håland


Fylkesbiblioteket står bak turnéen «Unge stemmer frå Sogn og Fjordane» i samarbeid med biblioteka. Turnéen er støtta av Fritt Ord og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane

Turneplan:

Tysdag 21. mars, kl. 18.00
Stryn bibliotek

Onsdag 22. mars, kl. 18:00
Eid bibliotek

Torsdag 23. mars, kl. 19.00
Gloppen folkebibliotek, Trivselhagen

Måndag 27. mars, kl. 18:00
Selje folkeboksamling

Tysdag 28. mars, kl. 12:30
Måløy vidaregåande skule (ikkje ope for eksternt publikum)

Tysdag 28. mars, kl. 19:00
Vågsøy folkebibliotek

Onsdag 29. mars, kl. 18.00
Bremanger folkebibliotek Hovudbibliotek i Svelgen.