Dei to neste vekene får elevar på ungdomstrinna i Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland tur og litteratur på dagsturhytta. Med turnéen for ungdom vil vi bidra til auka fysisk aktivitet, i tillegg til at elevane får møte litteratur som kunstuttrykk. Forfattar Anders Totland har skrive ein fagtekst om miljø og klima som dannar basis i formidlingsopplegget til ungdommane. Elevane får ta del i ein samtale som skal både utfordre og provosere, for korleis står det til med eigen livsstil, er vi eigentleg villige til å gjere grep i måten vi lev liva våre på? 

FPortrett av Anders Totland. Foto: Per Egil Larsenørst og fremst vil vi motivere til lesing både ved å la ungdommane få lese og diskutere eit dagstaktuelt tema dei er opptekne av. I tillegg får elevane møte forfattaren som har skrive ein tekst akkurat til dei og akkurat til denne turnéen. 

Mange involvert for å få det til
Det var fylkesbiblioteket som tok initiativ til å leggje ein forfattarturné på dagsturhyttene. Med plasseringa av det nynorske turbiblioteket i dagsturhyttene hadde vi lyst til å opne opp for litteraturformidling der også. Slik får vi vist fram bibliotektilbod på ein ny og spennande arena som mange besøker og snakkar om. Fylkesbiblioteket engasjerte forfattar Anders Totland som tende på idéen med det same. DKS tok på seg turnéorganiseringa og kontakten mot skulane, og la produksjonen inn i skulesekktilbodet. I tillegg vart folkebiblioteka i kommunane kopla på sidan dei er ein naturleg medaktør med ansvaret for turbiblioteka i hyttene og med si rolle i arbeidet med leselyst og litteraturformidling.

Det er spennande å prøve ut dagsturhytta som arena. Kombinasjonen tur, natur og litteratur vil gje ei ramme som kan gjere opplevinga rik og spennande, og skulane har tatt vel i mot tilbodet. Nokre skular legg til og med opp til ein full utandørs turdag med matlaging og ulike aktivitetar.

Kan bli vidareført
Forfattarbesøk på dagsturhytter for ungdom har vore planlagt sidan før dagsturhyttene vart monterte, og no får vi endeleg prøvd det ut. Turnéen er eitt av tre tiltak som fylkesbiblioteket søkte om og fekk midlar til frå Nasjonalbiblioteket for å gjennomføre i samband med satsinga på det nynorske turbiblioteket på dagsturhyttene. Vert turnéen godt tatt i mot er det tenkt at opplegget kan vidareførast til andre stader i fylket.

Det har vore store arrangement på dagsturhyttene i samband med offisielle opningsmarkeringar, og fleire konsertar har vore prøvd ut med hell, no tek vi det eit steg vidare. Vi håpar både elevar og lærarar set pris på ein annleis dag. Også håpar vi sjølvsagt at veret spelar på lag.