Arnhild Skre fekk Brageprisen 2011 i gruppa sakprosa for boka «Hulda Garborg : nasjonal strateg». Musikar, komponist og produsent Gro Marie Svidal er frå Jølster.  Turnéen er sett opp følgjande stader:

1.10. Bremanger folkebibliotek/Keipenstova kl. 18:00
2.10. Vågsøy folkebibliotek kl. 13:00
2.10. Selje folkeboksamling/Selje Eldretun kl. 17:00
3.10. Eid bibliotek kl. 13:00
3.10. Stryn bibliotek kl. 18:00
4.10. Gloppen folkebibliotek kl. 12:00

Fritt Ord lyste i vår ut tilskot til nynorsk litteraturformidling i bibliotek for å styrkje det språklege mangfaldet og bibliotek som formidlingsarena. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vart løyvd 50.000 frå Fritt Ord til ein turné med Arnhild Skre og Gro Marie Svidal som skal formidle Hulda Garborg si rolle i norsk kulturliv. Totalt har Fritt Ord løyvd nær 2,2 millionar kroner i samband med utlysinga, fordelt på 44 prosjekt.