Linda Strand, Askvoll

Linda StrandEg er Linda Strand, fødd 1962 i Haugesund. Eg vaks opp i Skånevik (Sunnhordlands perle), ei lita bygd i Etne kommune, Hordaland. I utdanning- og jobbsamanheng har eg budd både i USA, Bergen og Oslo, men i 1988 flytta eg til Dale, Fjaler kommune, og har etter kvart slått rot der. Dei siste 17 åra har eg vore tilsett i Fjaler kommune, hovudsakleg i merkantil stilling. Ein del av arbeidstida mi har i løpet av desse åra gått til skulebibliotek(ar)arbeid på Dingemoen skule, og eg tok for nokre år sidan Skulebibliotekkunnskap 1 og 2 ved Universitetet i Agder. I 2009 var eg biblioteksjef i Fjaler kommune. No gledar eg meg til, igjen, å møte bibliotekbrukarar dagleg, både store og små. Det får eg rikeleg høve til, sidan Askvoll bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek og plassert på Askvoll skule.

Asbjørn Ramsøy, Aurland

Eg heiter Asbjørn Ramsøy, er fødd og oppvaksen i Gudvangen, og nyleg pensjonert frå jobb som bibliotekar i Voss kommune. Etter vel ein månad som biblioteksjef i Aurland, tilsett 1. okt. d.å., kan eg konstatere at eg har hamna i eit triveleg miljø, og ser fram til å kome meir inn i det faglege etter kvart.

I tillegg til førnemnde jobb har eg vore innom ulike typar bibliotek: UB Bergen, Sogn folkemuseum, Luftkrigsskolen, Håkonsvern, NLB, avd. Bergen og University of North Dakota. Bibliotekverda har endra seg sidan 1970, sjølv om praktikanttida i Førde førde med seg båt og buss, og inneheldt meir arbeid med klassikarane og mindre krim. Eit spegelbilete av samfunnet ellers, får ein seie.

Martha Bjørkås, Gaular

Martha BjørkåsEg heiter Martha Bjørkås og er 27 år. Eg starta som sjef på Gaular folkebibliotek 4. oktober, og er altså heilt fersk. Eg kjem frå Orkdal i Sør-Trøndelag, men har budd i Oslo 7 av dei siste 8 åra. Eg har ein bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap i tillegg til årsstudium i engelsk og kristendom. Før eg kom til Gaular jobba eg på Deichmanske bibliotek i Oslo, der lærte eg mykje som eg får bruk for i denne jobben. Gleder meg til å kome ordentlig i gong med arbeidet og skape eit fantastisk bibliotektilbod til innbyggarane i Gaular kommune!