Lesegledar fordi

Det er viktig for meg at borna får oppleve leseglede. Mange les for å gi dei språklæring, men det er vel så viktig at dei tidleg får kjenne gleda i ei god bok.

Eg les gjerne

Biletbøker for born i barnehagealder. Eg er oppteken av å ta dei minste borna på alvor. Bøker for dei minste er så mykje meir enn berre peikebøker. For dei litt eldre, kan eg gjerne lese bøker som berre har tekst. Etter kvart må ein også introduserast for slike bøker.

Målgruppe

Formidling til born i barnehagealder er særleg relevant for meg, både utifrå jobb og personleg interesse. Eg les gjerne også for vaksne som jobbar med born.

toril_engesaeter-1024.jpg

Område

Sogndal, Luster og Leikanger

Bakgrunn

Mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap med fordjuping i litteratursosiologi- og formidling. Masteroppgåva mi tok føre seg vurderinga av bestseljarlitteratur for vaksne, men barnelitteratur, og særleg biletbøker, har alltid interessert meg. På sitt beste er biletboka eit  konsentrat av formidlingskunst! Lesegledar frå hausten 2015.

Eg arbeider på biblioteket ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Her har eg mellom anna ansvaret for barneboksamlinga retta mot lærarutdanningane. Eg er også med på eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteket, institutt for barnehagelærarutdanninga og nynorsksenteret, om barnehagelæraren som formidlar av nynorsk barnelitteratur. Eg har ansvar for å kjøpe inn og marknadsføre nynorsk barnelitteratur og har hatt undervisning med studentar om tema som vurdering og utval av litteratur i barnehagen.

< førre | neste >