Møreforsking si undersøking frå 2007 Skulebibliotek i Norge Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande opplæring, synte at mange skular trang hjelp til å utvikle skulebiblioteka. Universitetet i Agder har i meir enn 20 år tilbydd studier i skulebibliotekkunnskap, og på bakgrunn av dette fekk universitetet i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å iverksetje eit program for å styrkje skulebiblioteket som arena for læring og lesing.
Utviklingsprogrammet som no er sett i verk går over fire år og har ei ramme på 40 millionar kroner. Fleire lærarar skal få kunnskap om skulebibliotek og korleis dei kan brukast aktivt i undervisninga.
Les meir om programmet og tildelinga på Universitetet i Agder sine heimesider.