Skriv inn tipset ditt i kommentarfeltet her eller send e-post til robert.haugen@sfj.no så legg eg tipset ut på nettsida.  Sommarboka eg vil anbefale er av nordmannen Gunnar Larsen og heiter, sjølvsagt, I sommer .

Romanen til Larsen (1900-1958) kom ut på 1930-talet, og denne litterære sommaren var lummer og behageleg. Men under den idylliske overflata i Oslo låg såre kjensler, vanskeleg kjærleik, sorg.

Gunnar Larsen er kanskje mest kjent for dokumentarromanen To mistenkelige personer (1933). Den las eg, naturleg nok i denne samanhengen, i fjor sommar og gav meg spaning og ei fin lesaroppleving. Boka skildrar ei verkeleg hending på Austlandet i 1926 då to menn vart jaga etter drap på lensmenn. Larsen har også omsett Ernest Hemningway til norsk.