Bestill fleire ulike klassesett til gruppelesing eller eigenlesing

For å skape leselyst er det viktig at elevane har tilgang til og vert presentert for fristande bøker og bøker tilpassa kvar enkelt sine føresetnader. Bøkene bør vere relevante, velskrevne og passe vanskelege. Vi har arbeidd mykje med å utvikle boksamlinga vår for å kunne tilby bøker i ulike sjangrar, vanskegrad, og med varierte tema, men det er du som lærar som kjenner elevane og veit kva bøker som kan passe for kvar enkelt. I fellesskap kan vi komme fram til mange forlag til bøker, så ta gjerne kontakt med oss. Dess meir informasjon vi får om klassen, dess enklare er det å velje bøker.

Om en vil bruke klassesett til gruppelesing, er det høve til å legge inn bestilling av fleire klassesett i same bestilling. Om det er mange sett, kan det vere enklare å ta direkte kontakt med oss.

Til større leseprosjekt kan vi sette saman ei bokkasse med ulike bøker frå samlinga. Ta kontakt med oss, så sender vi eit variert utval bøker på bakrunn av interesser og lesenivå blant elevane.)

Bruk av bokkassar

Vi har ferdige bokkasser som består av om lag 40-60 bøker fordelt på ulike titlar. Som regel er det fleire eksemplar av kvar tittel. Kvar bokkasse har eit tema, som til dømes dikt og er tilpassa småskule, mellom- og ungdomstrinn. Bøkene i bokkassa vil variere i høve innhald, tematikk og nivå/vanskegrad. Men tanken er at det skal vere minst ei bok til kvar elev. Klassen kan bestille så mange bokkasser dei vil og behalde dei i opp til to månader. Det ligg med oversikt over innhaldet i kassane, men vi anbefaler at lærarane lager eigne utlånssystem.  Sjå presentasjon av alle bokkassene i menyen til venstre.

Integrere bøkene i undervisninga

Elevane kan gjenfortelje handlinga, skildre dei ulike personane, miljøet, korleis teksten er fortalt, kva litterære verkemidlar som er brukt, osv. Elevane kan også lage quiz om handlinga i boka, finne ut meir om forfattaren, dramatisere noko av handlinga, diskutere om bokomslag og bokomtale gir lyst til å lese boka, teikne nytt bokomslag, skrive ein alternativ slutt på boka osv.

Fleire klassesett som har innhald som kan knytast opp mot dei ulike kompetansemåla. Nokre av bøkene har også tema som gjer at bøkene kan brukast tverrfagleg (innan KRLE, natur og samfunnsfag m.m) Ta kontakt for meir informasjon.

For oss er det særs nyttig å høyre om korleis klassesettbøkene blir brukt i undervisninga, så skriv gjerne ein kommentar  i føljeskrivet som skal returnerast i lag med bøkene.

Samanlikne bok og film

Lån klassesett og film av ei bok som også er filmatisert. Les boka, sjå filmen og diskuter forskjellar og likskapar. Til nokre av filmane finst det også Filmstudieark med elevoppgåver utvikla av Film & Kino. Oversikt over klassesett med filmstudieark.

Bruk av undervisningsmateriell

Til nokre  av klassesetta våre har vi undervisningsmateriell i form av spørsmål og oppgåver. Oversikt over klassesett med undervisningsopplegg

Vi har også nokre forfattarhefte med informasjon og oppgåver utgitt av Biblioteksentralen. Legg gjerne inn ein kommentar i bestillingsskjemaet om dette er av interesse.