Det kan søkast både til enkeltarrangement eller til ei rekkje arrangement, med vilkår at tiltaka vert gjennomførte hausten 2014 eller i laupet av 2015. Tiltak det kan søkast støtte til er for eksempel forfattarmøte, dramatiseringar, seminar eller nettbasert formidling.

Forutan bibliotek, er også enkeltpersonar og organisasjonar som har avtale med bibliotek om arrangement velkomne til å søkje.

Søknad leverast via skjema på nett, sjå www.fritt-ord.no og søknadssenter. Søknaden bør innehalde prosjektskisse som gjer greie for tematikk, aktivitetar og tidsperspektiv, samt budsjett og finansieringsplan.
Innsendinga må merkast med "RomanSamtidNorge" i tittelfeltet.