Aksjonen «Tid for ti» startar i januar 2016. Allereie no kan klassane som er interesserte melde seg på aksjonen. Gå til påmeldingsskjema. Det er Foreningen !les som står bak leselystaksjonen i samarbeid med Nynorsksenteret.

Antologien har eit opplag på 15.000 og vert sendt til skular som har meldt seg på. Undervegs i leseperioden skal elevane få høve til å seie si meining om bøkene utdraga er henta frå. Tilbakemeldingane frå elevane vil vere avgjerande for kva slags bøker som eventuelt blir med neste skuleår. Det er nemleg ønska at aksjonen skal bli årleg og etablere seg på 7. trinn.

Både for dei med bokmål og nynorsk som hovudmål
Målgruppa for aksjonen er både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål. Ofte kjenner ikkje ungdommar og heller ikkje lærarane til den nynorske ungomdslitteraturen. Ein ser også ein tendens til at elevar med nynorsk som sidemål vel vekk denne litteraturen fordi dei trur han er vanskeleg.

– Me vil vise fram dei gode bøkene som finst, og me håper det vil motivere elevane til å lese meir. Det er eit behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, og spesielt med fokus på nynorsk. Kompetansemåla legg vekt på at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk, seier prosjektleiar Ole Ivar Burås Storø i Foreininga !les.

Aksjonen vart lansert under Nynorskkonferansen i Bergen 21.-22. oktober.
– Håpet er at nynorskelevane skal få betre språkleg sjølvkjensle, og at bokmålselevane skal få ein betre start når dei skal ta til med skriftleg nynorsk-opplæring i 8. klasse, sa Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret til NRK Hordaland på lanseringsdagen. Høyr klipp frå radiosendinga: https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/DKHO01021115/22-10-2015#t=2h26m10s

 

Tid for ti er kome i stand etter initiativ frå ei samla nynorskrørsle og med støtte frå Norsk kulturråd. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs mållag, Nynorsk kultursentrum og Samlaget har vore blant støttespelarane til den nynorske leseaksjonen.

 

Har du spørsmål eller treng meir informasjon om leseaksjonen, ta kontakt med Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les på ole@foreningenles.no.