Alle bibliotek skal rapportere inn statistikk. Her er fristane for dei ulike bibliotektypane:

  • Folkebibliotek:  28.2.2012
  • Grunnskular: 7.3.2012
  • Vidaregåande skular: 13.3.2012
  • Kommunar (fellesdata for grunnskulane): 21.3.2012
  • Fylkeskommunen (fellesdata for vgs): 28.3.2012

Folkebiblioteka og bibliotek i vgs kan ta kontakt med fylkesbiblioteket v/ Anja Angelskår Mjelde (57 63 79 57) om dei har spørsmål. Biblioteka i grunnskulen skal i utgangspunktet ta kontakt med den i kommunen som har ansvaret for skulebiblioteka, men fylkesbiblioteket kan også spørjast ved behov.

Fylkesbiblioteket har fått kopi av biblioteka sine brukarnamn og passord, så om de ikkje finn det att kan de kontakte oss. Om de ikkje har fått brev om statistikk bør de først etterlyse det i kommunen/hos Nasjonalbiblioteket.

Rapporteringsskjema, rettleiingar (som de bør lese!) og eldre statistikk finn de på Nasjonalbiblioteket sine statistikksider.

Sjå også fylkesbibliotekets statistikksider.