Grunnlaget for brukartesten er at Deichmann har lansert sitt nye utlånssystem med radiobrikke i bøkene sine. Brikka, ei såkalla RFID-brikke, har informasjon om strekkode og innebygd alarm. Fleire bibliotek har same løysing, eller ei løysing basert på skanning av strekkode. Det kan vere nyttig å sjå korleis løysinga vert oppfatta hjå ein gutt på 10 år, ikkje så ofte vi får tilbakemeldingar frå den aldersgruppa! I tillegg kan ein i kommentarane til artikkelen sjå andre sine erfaringar med utlånsautomatar.
Nokre av fordelane som vert nemnt med utlånsautomaten med RFID-brikke er at terminalen kan lese fleire bøker på same tid, det er berre å leggje stabelen på plata. Det er også ein fordel med tjuverisikra bøker, og ikkje minst frigjer utlånsautomaten tid for både lånarar som må stå i kø, og for dei tilsette som no får tid til å gjere andre oppgåver enn manuell handtering av kvart enkelt utlån. Med eit slikt system ivaretek ein også anonymiteten til lånarane, og dei som har ein terskel for å låne bøker på grunn av dette vil ha glede av ein utlånsautomat.
Les heile saka på NRK-beta sine nettsider, her er også bilete av maskina.