Eg vil framover skrive litt om romanar utgitt i teikneserie-form. Eg veit ikkje heilt kor det er med de andre, men når eg tenkjer på teikneseriar blir tankane og assosiasjonane for lett dregne mot "sjangar med litteratur berre for barn og unge" og "tekstar med varierande litterær kvalitet". Fremst i køa for omtale er ei sjeldan forteljing om Nord-Korea. Men no har eg fått augo opp for at teikneseriar er bra, og dei siste åra har det kome gode teikneserie-romanar frå Noreg og omsette. Desse høver ikkje minst for vaksne lesarar, og unge vaksne som kanskje ikkje er så begeistra for lesing i utgangspunktet. Mange av utgjevingane av teikneserie-romanane dei siste åra har seriøse tema i seg.   Først ute av dei eg vil omtale er Pyongyang av amerikanaren Guy Delisle. Pyongyang - Guy Delisle; Tittelen er det same som namnet på hovudstaden i Nord-Korea, og fortel at handlinga er frå dette lukka og spesielle landet. "En bok som denne gir mer innsikt enn digre mursteiner". Det står skrive i Bokmagasinet (prenta kvar laurdag) til Klassekampen i ingressen av meldinga 24. mai.  Forfattaren fortel oss i ei teikna dagbok om eit to månaders besøk han har hatt i byen Pyongyang. I sentrum i handlinga er hovudpersonen sine gjeremål i den nordkoreanske hovudstaden, hotellet, arbeidsplassen, samtalar og møte med koreanarane, men samstundes opplyser teikneserie-romanen om landet Nord-Korea, historia og korleis det er å leve der.   Kan hende kan denne boka visast fram for skuleelevar som søkjer informasjon i samband med skulearbeid. Teikneserie-romanar kan vere eit godt supplement til brukarar som ikkje likar å lese bøker med løpande tekst. Spesielt kan romanar utgitt i denne forma appellere til unge. Intervju med forfattar Guy Delisle om Pyongyang i Dagsavisen: http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article350054.ece