Dette føreset at kulturminister Trond Giske "skriver inn i bibliotekmeldingen en forpliktende, nasjonal politikk for å styrke folkebibliotekene." Tønnesson siktar til stortingsmeldinga om bibliotek som etter planen skal vere ferdig  i juni.

Utlån
Tønnesson har gjort ei gransking av utlånet ved Sandefjord bibliotek og funne at brukarane vil ha kvalitetsprosa om ei rad emne.  

Då spørst det om Giske lyttar til Tønnesson, debatt- og kronikkredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten sine meiningar om bibliotek http://www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/article2293895.ece og tek innover seg satsinga frå Bibliotekreform 2014 frå ABM-Utvikling.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og Magnhild Meltveit Kleppa, statsråd for kommunale saker, har ansvaret for rammevilkåra til skulebiblioteka. I debatten etter offentleggjeringa av dei internasjonale lesegranskingane, PISA og PIRLS, som synte at den gjennomsnittlege lesedugleiken ikkje er så bra, har eg med skuffelse registrert at Solhjell ikkje nemner at skulebiblioteka kan vere med å støtte og supplere undervisinga og læringa i skulane gjennom god tilgang til det beste treningsutstyret i lesestimulering: litteratur.

Solhjell har jamvel ein artikkel om verdien av kunnskap i tidsskriftet Samtiden, http://samtiden.no/ (artikkelen ikkje digitalisert), utan å nemne biblioteka i det heile. Han skriv mykje om kor verdifull og viktig den menneskelege kapitalen er og det er vel ingen som er ueining i det. Vidare skisserer kunnskapsministeren opp behovet for eit "lærarløft i Noreg" (s. 35) for å styrkje undervisinga, spesielt i lesing, og han meiner at det er bruk for "meir og klarare politisk styring" (s.36) av skulen. 

Look to Finland 
Som mange andre fagfolk og politikarar ser også Solhjell til Finland for å sjå kva som gjer at landet utdannar gode lesarar og skårar høgt på internasjonale lesegranskingar. Kva finn dei? Jau, ein finn det ein leitar etter. Dei oppdagar langsiktig, målretta og solid satsing på skulen og lærarane.

Men finnane satsar på bibliotek også, Solhjell! Dei har høgst utlån i Norden og kanskje, hhmm moglegvis, er det ein samanheng mellom gode bibliotek med open tilgang på litteratur og høg lesedugleik? Skal ikkje sjå bort i frå det. Ine Marit T. Bertelsen, litteraturformidlar ved Rogaland fylkesbibliotek, går i siste nummer av Bok og Bibliotek ut mot Solhjell (og Giske), og ber om at sektortenkinga vert sett til side til fordel for tverrfagleg koordinering, samarbeid og tilrettelegging når stortingsmeldingar om språk og bibliotek ligg i startgropa. Slik kan folke-og skulebiblioteka bli sett som samfunnsinstitusjonar og teken i bruk som ein verdifull, kunnskapsrik (på mange måtar) og aktuell medspelar i stimulering av lesedugleik, informasjonsspreiar og formidlar av litteratur, kunnskapar og saklege argument til bruk på den offentlege arena. 

Solhjell har dokumentasjonen klar: den grundige kartlegginga av skulebiblioteka i grunn- og vidaregåande i Noreg i 2006 synte at kvaliteten på skulebiblioteka diverre er dårleg og lite tilfredsstillande. Difor vart Utdanningsdirektoratet gjeve i oppdrag å utforme eit program for skulebiblioteksutvikling med start 1.januar i år. Ellen Sundt i Utd.dir. opplyste i Stavanger under Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen i januar at skulebiblioteksutviklingsprogrammet var levert til departementet, men at det var uklart når det ville setjast i gong. Altså, fristen 1.januar for start på programmet er skuvd ut i uvissa. Vonleg ikkje ut i gløymska.

Eg vonar eg tar feil. At registreringa mi av statsråd Solhjell sine meiningar og grep i styrkjinga av lesekunna til born og unge er mangelfull. Det vil seie at kunnskapsministeren trass alt har fått augo opp for at biblioteka har eit stort potensial i seg til å vere eit godt supplement i arbeidet med å trene opp lesinga. Samstundes er det lov å vone at dei nasjonale styresmaktene tar styring og ikkje er redd for å ta i bruk øyremerka midlar. All respekt for kommunane, men det er ikkje så ofte bibliotek, spesielt ikkje skulebibliotek, kjem høgt opp på prioriteringslistene. Trass i auka rammeoverføringar. Likevel er det von om at biblioteka kan bli tekne på alvor og sett når det gjeld kva dei kan bidra med i arbeidet med å utvikle gode lesarar.