Prøver å kome i gong att med smått og stort om tips, råd, vink, ressursar og liknande som kan gjere kvardagen i biblioteket lettare og kanskje tenestene til brukaren litt betre. Her er litt om referanseverk på nettet og ei god bok om konsekvensar av krig. Vidareformidlar nyheita om at Store Norske Leksikon på nett blir gratis frå januar 2009 og det blir i tillegg opna opp for at brukarane kan medverke med sine særkunnskapar, slik som hos konkurrenten Wikipedia; sjå http://www.snl.no/index.html og Wikipedia her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside Kjempegode meldingar av Bjørn Westlie si bok om faren som deltok på tyskarane si side under andre verdskrigen; http://www.dagbladet.no/kultur/2008/09/15/546876.html ROBERT HAUGEN