Kommentarar til folkebibliotekstatistikken 2015

Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og kan gi eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Ein må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2015. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som Nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2015 (henta frå SSB).