Buskerud fylkesbibliotek og Drammensbiblioteket er i gang med pilotprosjektet sitt "Nasjonal portal for utlån av ebøker", og lanserte utlån av ebøker og lesebrett 21. oktober. Den nasjonale portalen for utlån av ebøker skal vere eit tilbod for alle norske bibliotek, og vert førebels testa i tre folkebibliotek i Buskerud. Les meir om prosjektet her.

Biblioteksentralen har lansert BS Weblån, men manglar førebels særleg tilgang til norske e-bøker.

Den Norske Bokdatabasen si e-boksatsing Bokskya er forventa klar 1. april 2011. Der skal alle norske bøker gjerast tilgjengeleg for dei ulike bokhandlarane. Den norske e-boktenesta skulle vore lansert allereie, men vart utsett i det regjeringa varsla full moms på e-bøker.

- Bokskya vil være knyttet til en rekke norske nettbokhandler og på sikt også bibliotek, uttalte direktøren for Den Norske Bokdatabasen, Edmund Austigard, til Klassekampen 7. desember.

- Der de store utenlandske vil ha så mye kontroll som mulig og knytter løsningene sine til bestemt hardware, Kindle og iPhone/iPad, som igjen knyttes til egne e-bokhandler, Amazon og iBooks, tror vi på åpenhet for å sikre det norske språkområdet, forklarte Austigard.

Frå før har Cappelen Damm allereie lanserte sin eigen e-bokportal Digitalbok.no der dei tilbyr sine eigne bøker i digitalt format. I tillegg er den norske utgåva av Apples iBookstore venta lansert i Noreg om kort tid.

Eirik Newth har i sin forfatterblogg reflektert rundt kva framtida bringer: 2011 i et ebok- og nettbrettperspektiv

Bokhylla.no er et treårig pilotprosjekt der Nasjonalbiblioteket legger ut alle bøker utgitt i Norge i 1690-, 1790-, 1890- og 1990-årene på nettstedet Bokhylla.no. Bøkene er ikke tilrettelagt for nedlasting eller kopiering, bare for lesing på skjerm