For dei minste: Lettleste bøker som høver for 2-7 klasse:
Martin Widmark: LasseMajas detektivbyrå. Høver for 2-4 klasse.

Bjørn Sortland: Kunstdetektivene. Denne hausten reiser David og familien hans til Bergen og der skjer det saker og ting. Trur nok at denne boka blir ein slager her på Vestlandet. Høver for 4-7 klasse.

Cecil Bødker: Nattas barn. Vampyrer er i vinden og her ein serie for dei aller minste. Høver for 4-6 klasse.

For dei litt eldre:
Diverse forfattare: style="color:#800000;">Marg og bein serien. Skrekk og gru skrevet av populære norske forfattarar som Jon Ewo, Arne Svingen og Ingunn Aamodt. Høver for 6-10 klasse.

Darren Shan: Sagaen om Darren Shan. Til saman 12 bøker om vampyrprinsen Darren Shan. Høver for 8-10 klasse.

Anthony Horowitz: De fem utvalgte.  Den etterspurde fjerdeboka, Nekropolis kom no i år. Høver for 8-10 klasse.

For ungdom:
John Marsden: I morgen-serien. Bok nummer 5 i denne serien, Ute etter hevn er også ny i år.  Høver for 7-10 klasse.

Christopher Paolini:  Arven. Flott fantasy i tre bøker. Høver for 9-10 klasse. Siste boka, Brisingr er ny i år.

Roderick Gordon: Tunneler. Kanskje ikkje ein direkte serie, men historia held fram i Avgrunnen som skal komme denne hausten. Boka gikk rett inn på bestseljarlista til New York Times da den kom ut i USA.

Suzanne Collins: Dødslekene. Også denne boka skal få ein oppfølgjer denne hausten og har fått tittelen Opp i flammer.

God lesing!