Initiativet bak tiltaket er først og fremst teke av ABM-Utvikling for å stimulere til bruk av dataspel i biblioteka. Her er den offisielle bloggen: http://spilldag.no/

Her i fylket har Gloppen folkebibliotek meldt frå om at dei laurdag 14. november legg til rette for at brukarar kan halde på med dataspel i biblioteket.  

"Då vert det sportsspel på Wii i eventyrrommet, Knerten-spel på PC, racingspel med racingstolar i foajéen, PS3 Rockband i kinosalen og så har vi to stk. Nintento DS til dei som ventar på å kome til.

Deretter satsar vi på ein fast speledag i veka, torsdagar kl. 15-18. Då vert det Wii i eventyrrommet og DS-speling. Vi har ikkje PS2/PS3 sjølve enno, men samarbeider med ungdomssklubben Blakken på speledagen", opplyser Ann-Kristin Fløtre ved Gloppen folkebibliotek. 

Lista over deltakande bibliotek: http://spilldag.no/deltagende-bibliotek/

Biblioteksentralen har no forhandla fram avtalar med mesteparten av dei norske leverandørane av dataspel, og desse kan kjøpast og lånast ut ved bibliotek. Sjå informasjon frå BS her: http://bit.ly/2mOfN1

Denne konkrete satsinga på å stimulere til bruk av dataspel i biblioteka er eit samarbeid mellom "ABM-utvikling, Stavanger bibliotek, Norges informasjonsteknologiske høgskole og Drammensbiblioteket", heiter det i den offisielle bloggen.

Det heile har også føringar frå stortingsmeldinga Dataspill frå 2007:  http://bit.ly/1l2YyU