Kva er Sommarles?
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. og blir drifta av biblioteka.
- Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Om ein høyrer på lydbok eller blir lesen høgt for, tel også det som lesing. Det er mange måtar å oppnå poeng på, til dømes ved å lese eit visst tal bøker som er triste, lærerike eller skumle eller gjennom å lese fleire bøker av same forfattar.
- Barna kan også følgje med på kva vennene les og sjå kva bøker som er mest populære på Sommarles i år! Dei kan hente inspirasjon og lesetips frå andre og dele eigne tips, gjennom å skrive korte bokmeldingar.
- Sommarles er for barn i 1.-7. klasse (inkl. dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).
- Sommarles varer frå 1. juni til 31. august. Mange bibliotek har som tradisjon å arrangere avslutningsfest på biblioteket.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein får løyse oppgåver knytte til forteljinga.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
- Sommarles er i utgangspunktet nettbasert, men har ein ikkje nettilgang, kan ein få lesepass på biblioteket.
- Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.
- Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.