Den digitale lesekampanjen Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, i fjor deltok over 31 000 barn. I år er også 12 kommunar frå Sogn og Fjordane. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

I lag med over 300 andre bibliotek er desse biblioteka med frå vårt fylke: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Førde, Flora, Jølster, Leikanger, Sogndal, Årdal og Vågsøy.

Kva er Sommarles?

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side.  
  • Sommarles er for barn i 1.-7.klasse og varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og dei kan løyse oppgåver knytt til forteljinga. Barna kan få hint til å løyse oppgåvene ved å besøke biblioteket. Årets forteljing er omsett til nynorsk av den ferske Upris-vinnaren Asbjørn Rydland!
  • I tillegg til poeng kan også  barna gjere seg fortent til digitale trofé, med kule premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Årets kampanje er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek, Telemark fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS

 

 Sommarles.no