Omtale

Sommardesignkontoret er eit samarbeidsprosjekt mellom Bedriftsforbundet, Innovasjon Norge og NTNU. Studentar frå Høgskulen i Akershus, NTNU i Trondheim og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo kom i år til Florø for å hjelpe lokale bedrifter til å tenke nytt. Med samarbeid og utgangspunkt i Flora folkebibliotek såg vi på korleis ein kan utvikle biblioteka til attraktive møteplassar der folk vil samlast.

Tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet i stortingsmeldinga ”Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid” av 17. april 2009, vektlegg utvikling av bibliotek som møtestad, kulturarena og samfunnsaktør for alle innbyggjarar.

klubb_utklipp.jpg

Hypotese

Dei fleste biblioteka vert framleis først og fremst oppfatta som ein stad der ein kjem for å låne bøker, det er ikkje møte med andre menneske som er hovudtanken.

Mål

  • Skape attraktive fysiske bibliotek med triveleg atmosfære, forbetre “the look and feel” av bibliotekmiljøet og gi brukarane ein betre stad å vere, lære og gjere.
  • Jobbe med idéar og tankar om korleis formidle og marknadsføre biblioteket som attraktiv møteplass. Korleis kunne få til samarbeid mellom fleire kulturinstitusjonar for å berike mangfaldet og tilbodet (…)
  • Lage ei “verktøykasse” med reiskapar basert på arbeidet som kan ha overføringsverdi og inspirere bibliotek i fylket til å utvikle seg og tenkje nytt.

Målgruppe

Bibliotek

Tid

7 veker, sommar 2010

Les om resultatet frå prosjektet i rapport utarbeidd av studentane ved Sommardesignkontoret