Torsdag 4. september hadde dei høgtideleg opning og Eli Kjos-Wenjum frå biblioteket fortel i avisa om kvifor dei har satsa på filialen. Dei har tru på at tilgjenge betyr alt for kor mykje foreldre les for ungane sine.

No kan ungane sjølv få foreldra med på at dei skal låne bøker med heim, gjerne bøker ungane har hatt gode opplevingar med i barnehagen og vil dele med mamma og pappa.

Les kva biblioteket sjølv skriv om dette på  heimesida.

Bibliotekfilial i barnehage er eit satsingsområde for ABMU, i desse dagar har ABMU sendt ut ABM-skriftet "Les for meg, pliis!" til alle biblioteka i landet. Her kan ein lese om filial i barnehagar og anna om høgtlesing for førskulebarn.