Dei siste åra har barn stått for ein stadig større del av utlånet frå biblioteka, både i Sogn og Fjordane og på landsbasis. Sidan 2010 har utlånet til barn vore større enn til vaksne her i fylket. Biblioteka gjer ein god innsats for å auke lesegleda og lesedugleiken til barn og unge. Auken heng saman med meir aktiv formidling av samlingane, leseaksjonar og fleire arrangement i biblioteka.

Det har vore ei kraftig auke i arrangement i biblioteka både på landsbasis og i Sogn og Fjordane. I 2015 var det 348 arrangement i folkebiblioteka i Sogn og Fjordane. I 2016 auka det til over 700 arrangement, 400 av desse retta mot barn. Sjå folkebibliotekstatistikk frå Sogn og Fjordane.

SSB: Barnelitteratur, antall bokutlån skjønnlitteratur per innbygger 0-13 år, henta frå Tabell 06936: K1. Konsern - Kultur - nøkkeltall