Med jamne mellomrom vert det lyst ut midlar til bibliotek som ønskjer å setje i gong prosjekt. Dei flittigaste bidragsytarane er Norsk kulturråd, Fritt ord og Nasjonalbiblioteket, men også andre kan gje støtte. Fylkeskommunen har til dømes tilskotsordningar for kulturarbeid.

Vi ønskjer å vere ein aktiv støttespelar for å få i gong utviklingsprosjekt i fylket. Har du ein prosjektidé, har spørsmål i søknadsprosessen, eller ønskje om samarbeid med oss eller andre – ikkje nøl med å ta kontakt!