Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) har starta eit prosjekt for å medverke til gode språkmiljø i barnehagar. Gjennom «Nynorske lesefrø» vert bibliotek og barnehagar oppmoda til å samarbeide for å sikre tilgangen til nynorsk litteratur og styrkje språkstimuleringa på nynorsk gjennom tidleg start.

Nynorsksenteret inviterer biblioteka til å sende ein søknad om å delta i prosjektet Nynorske lesefrø. Biblioteket kontaktar barnehagane i kommunen for å kartleggje kven som vil delta i Nynorske lesefrø. Deretter sender biblioteket ein søknad til anne.marta@nynorsksenteret.no med tal barnehagar som vil delta, kvifor dykkar kommune ønskjer å vere med på prosjektet og kva tiltak de vil bruke prosjektmidlane til. Søknadsfristen er 13. mai 2015, og tilbodet gjeld kommunar med nynorsk som hovudmål.

 

Vert ein tatt opp som deltakande kommune får ein dette:

  • Nynorsksenteret gjev kr 15 000 i prosjektstøtte pr. kommune. Dette kan gå til ytterlegare innkjøp av bøker, forfattar- eller formidlarbesøk med meir. Søkjarane definerer sjølve kva dei søkjer om midlar til.
  • Kvar barnehage får ein bokpakke på om lag 12 bøker når prosjektet startar opp, samt plakatar, boklister og informasjon om ressursar.
  • Ein formidlar knytt til Nynorsksenteret held eitt til to seminar med vekt på språkstimulering og presentasjon av god nynorsk barnelitteratur til dei tilsette i barnehagane og på biblioteka. Formidlaren kan også delta på foreldremøte dersom det er ønskjeleg.
  • Nynorsksenteret gjev hjelp og rådgjeving undervegs i prosjektet.
  • Samarbeidet går over tre semester.

Les meir om prosjektet og kva som vert forventa av bibliotek og barnehage på Nynorsksenteret si heimeside.

 

Ta gjerne kontakt med fylkesbiblioteket om de ønskjer råd og rettleiing ift. søknad eller vil diskutere tiltak og idéar.