Nasjonalbiblioteket ønskjer å bidra til at folkebiblioteka videreutviklast som kulturinstitusjonar og arenaer for debatt, læring og demokrati. Dei lyser no ut arenautviklingsmidlar for 2017. 

Det blir delt ut midlar til tilrettelegging av biblioteklokalet, og til aktivitetar i biblioteket: 

Lokal tilrettelegging av bibliotekrommet

Dette er midlar som skal brukast til tilpassing av eksisterande biblioteklokale, slik at dei kan brukast som møteplass og arrangement- og debattaraena. Det kan vere både mindre bygningsmessige endringar, og kjøp av utstyr til bruk ved arrangement.

Aktivitetar i biblioteket

Her ynskjer ein å styrke arrangørkompetansen ved å gi midlar til å utvikle fleire og betre arrangement. Det kan vere t.d. debattar, foredrag, litteraturformidling eller læringsaktivitetar, men det blir spesielt oppmoda om søknader til aktivitetar som utviklar folkebiblioteka som møteplassar for kvardagsintegrering.

Kommuner som ikkje søkte om arenautviklingsmidlar for 2015-2016 blir spesielt oppmoda om å søke.

Les heile utlysinga

Søknadsfrist 3. oktober - elektronisk søknadsskjema blir tilgjengeleg 1. september.