Bokomslag Nidstangen av Larsson og Korsell (a)Gyldendal

 

Teikneserie for mellomtrinnet som vekkjer leselyst!

Pax-serien: Nidstangen (2015) av Åsa Larsson og Ingela Korsell

«Tiden pulserer - mørket vandrer inn». Brødrene Alrik og Viggo veit enno ikkje at dei er krigarar som skal beskytte byen Mariefred mot mørket. Dei har kome til ein ny by, i ein ny fosterfamilie. På skulen hamnar dei i bråk med skulen si bølle og gjengen hans. Men større utfordringar ventar, for Mariefred er ein magisk by, gode og vonde krefter blir trekt til byen. Men det er det ikkje mange av bebuarane som veit. Magnar og Estrid veit. Eit eldre søskenpar som heile livet har beskytta eit gammalt biblioteket som inneheld farleg mykje kunnskap og magi. Og no trugar mørket, og dei treng hjelp. Som Odins ramnar dukkar brødrene Alrik og Viggo opp, og dei er byen sitt einaste håp.

Første bok i spenningsserien Pax av i alt 10 bøker om brødrende Viggo og Alrik. Populær blant «tweensa» og ligg høgt på utlånaslistene til biblioteka i landet. Bøkene er ein hybrid mellom bok og teikneserie som vert fortalt både med tekst og bilete. 

Lån som klassesett.

Bokomslag Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen

Lydighetsprøven (2017) av Bjørn Ingvaldsen

Lydighetsprøven handlar om Alvis.
Alvis er tolv år gammal. Alvis leikar med yngre barn. Alvis Piss blir han kalla av klassekameratane. Alvis er veldig interessert i dei døde – kan dei tenkje? Han og mora har akkurat flytta inn hos moras kjæraste. Den einaste Alvis fortel alt til, er bestemora.

Med eg-forteljaren Alvis får lesaren ta del i ein kvardag som inneheld større utfordringar enn kva Alvis kan handtere. Alvis blir mobba og utsett for vald i nære relasjonar, og alle vaksne sviktar. Det er alvorlege tema som påkallar spørsmålet: Kvar går grensa for barnelitteraturen? Er det nokre tema som er så sterke at barn ikkje bør lese om dei?

Det er spørsmål det er vanskeleg å gi noko fasitsvar på. Forlaget fekk Ingvaldsen til å skrive eit forord til boka, ei åtvaring om at dette er ei sterk bok utan ein lykkeleg slutt, hovudpersonen blir slått i hel. Men boka har sidan den blei utgjeve gått sin sigersgang: både kritikarar og ungdom likar boka.  

Den triste og vonde historia er godt fortalt og engasjerer lesaren – ungdommen. For dette er ei lett tilgjengeleg bok med korte, konsise setningar og mykje dialog. Boka blei nominert til Bokslukerprisen og Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2017, og til Uprisen i 2018. Her er det mykje ein kan ta tak i, både tematisk og forteljarteknisk. Så les i veg!

Lån boka som klassesett