Horten bibliotek, Sandefjord bibliotek og Tønsberg og Nøtterøy bibliotek vart samarbeidspartnarar, og har i løpet av perioden utvikla barneavdelingane i biblioteka sine. Sandefjord bibliotek har fornya sitt Eventyrrom, Horten bibliotek har fått utvikla eit nytt rom tilknytt si barneavdeling, og Tønsberg og Nøtterøy bibliotek har jobba med heile barneavdelinga med fokus på tilgjengelegheit for brukarane. Dei tre biblioteka har hatt felles målsetnad, men ulike målgrupper med barn i aldersgruppa frå 0 til 14 år.

Betabarn vart avslutta i desember 2009, og her er sluttrapporten som fortel om kva som er oppnådd i prosjektet.

Betabarnprosjektet har også laga ei nettside der ein kan lese meir om framgangen i prosjektet.