Lesegledar fordi

Eg er opptatt av å formidle bøker for å inspirere andre til lesing. For lesing gir så mykje! Det er jo ein av dei viktigaste basiskunnskapane for all vidare læring. Men vel så mykje handlar det om å utforske andre verder, å kople av, men samtidig kople på.

Eg les gjerne

Eg kan i grunnen lese det meste, men ofte endar eg opp med å like best dei bøkene som skildrar oppvekst og kvardagsliv. Og biletbøker som fortel både i bilete og tekst går eg aldri lei!

Målgruppe

Formidlar gjerne til alle som har lyst til å bli kjent med nye barne- og ungdomsbøker, anten det er i skuleklassar, på foreldremøte, under planleggingsdagar eller på helsestasjonen. Eg kjenner best litteratur for barnehage og småskule eller for ungdomssteget. Presenterer bøker på bokmål og nynorsk, men med hovudvekt på nynorsk. Tek gjerne skreddarsydde oppdrag, ta kontakt så vert vi einige!

siv_hatlem-1024.jpg

Område

Heile Sogn og Fjordane

Bakgrunn

Eg er utdanna adjunkt, med medie-, ikt- og design-fag.

Eg jobbar på fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane, der eg blant mykje anna arbeider med litteraturformidling retta mot barn og unge. Lesegledar frå hausten 2015.

Anna

Eg ønskjer å auke medvitet omkring verdien av lesing, både i barnehage, skule og heim.  Eg ønskjer å oppmode foreldre og vaksne til å jobbe med lesemotivasjonen til barn og unge; korleis etablere ein lesekultur, bevisstgjere om tydinga av høgtlesing og tidleg innsats, vise veg i mangfaldet av utgjevingar og trekke fram nynorskbøker og dei gode leseopplevingane. Ikkje minst ønskjer eg å smitte barn og unge til å lese gjennom engasjerande formidling med smakebitar frå nyare bøker.

< førre | neste >