Fylkestinget vedtok 10. desember 2014 å avvikla bokbåtordninga. Båten feira 50 årsjubileum i fjor, og har vore ein kjær og velkomen gjest langs kysten. Samla har om lag 115 000 barn og vaksne vore om bord, og nær 1.3 millionar bøker og lydbøker er utlånte i løpet av desse åra. Brukarane har òg fått oppleve vel 3 500 kulturprogram på bokbåten. Etter ei grundig evaluering i 2013 vart bokbåtordninga vedteke vidareført, men som følgje av dei kraftige nedskjeringane i fylkeskommunen går tenesta no likevel ut.

Frå fredag 27. februar til søndag 15. mars vil bokbåten turnere fylket. Han skal innom 42 stader fordelte på 19 kommunar. Epos er som vanleg fullasta med bøker for alle aldersgrupper, og i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det lagt særleg vekt på å ha med nynorske barne- og ungdomsbøker. Bokbåtbøkene kan leverast tilbake på næraste bibliotek etter bruk.

Denne gongen er det Line Møller-Christensen som har kulturprogrammet. I framsyninga Fabiolas koffert brukar ho dokker og klovneteknikk for å vise kva for spennande opplevingar bøkene byr på.

Sjå bokbåtruta med stoppestader og tider.