Eidsvåg var mykje sjuk som liten og fekk god tid til å lese. På den måten vart eit sterkt kjærleikstilhøve mellom ein gut/mann og bøker skapt.

Bibliotekarens smil. Er ikkje det ein fager tittel på eit kapittel? Det er smilet til bibliotekaren ved Trondheim folkebibliotek Eidsvåg skildrar. Eit "vennlig og vitende" smil, fortel han, eit som gjorde varig inntrykk på ein 15-åring. Han skriv: "...Bibliotekaren, en kvinne i ubestemmelig alder og med håret satt opp i en tull i nakken. Hun hadde blå lagerfrakk, og i brystlomma blyanter som sto oppmarsjert som tinnsoldater med røde gummihjelmer. På føttene hadde hun hvite, åndelige tøysko, og hun beveget seg lydløst. Alle spørsmål ble besvart hviskende, som om det var statshemmeligheter som ble røpet. Aller best husket jeg smilet. Ikke skjelmsk eller inviterende, men vennlig og vitende." (2007, s. 141)

Stille stemmer - indre bilder - Inge Eidsvåg

Bibliotekene er verdens mest næringsrike beitemarker for underernærte sjeler. Dette er ikkje orda mine, men Inge Eidsvåg si oppsummering om biblioteka. Eidsvåg sparer ikkje på superlativa om biblioteka; når det i dagens samfunn er ein tendens til at alt "blir gjort til varer, er det viktig å forsvare allmennhetens frie tilgang til den felles kunnskapsbrønn som bibliotekene forvalter", skriv han.

Det er pussig og rart, likevel kanskje ikkje. Eg tenkjer på fenomenet val av bøker å lese. I etterkant av fleire slike handlingar oppdagar eg at akkurat den boka hadde eg på det tidspunktet godt bruk for - utan at eg var heilt klar over det. Ho fortalde meg noko vesentleg om kva eg kava med og tenkte mykje på. Er det bokmarknaden si usynlege hand (sikkert nok, signaliserer økonom Adam Smith), det umedvitne i arbeid (ja nikkar Freud) eller magisk realisme? Eg har tru på den gyldne middelveg, altså at eg, eller eg-et, velgjer akkurat den boka fordi tittel, innhald, omtale,  bokomslag eller anna appellerer til noko umedvite, uidentifiserbart, ikkje mentalisert.

Tru meg eller ei; eg opplever ved refleksjon i ettertid over bøker eg har lese i eit tidsrom at bøkene, sanneleg, har funne meg. Dei var der når eg trengte dei. Ja vel, formidling og påverknad frå dei andre, informasjon og rasjonelle valg er hovudgrunnen, tenkjer kanskje mange. Ja kan sjå slik ut, men ved nærare ettertanke, bøkene er der for meg til rett tid.

Inge Eidsvåg er freista til å skildre, denne opplevinga av ved slump å kome over akkurat den boka du treng, med metafysiske vendingar og metodar. Han står imot. Det trur eg var eit godt val. Litteraturen tilbyr oss ei verd med magi, mystikk, ein tilgang til eit anna  menneske si oppleving av å vere til, ja det å lese kan utgjere eit (full)verdig liv, slik som Olav H. Hauge-biograf Knut Olav Åmås kjem med slutningar om om tilveret til poeten frå Ulvik.  

Anbefalar boka til Inge Eidsvåg til alle som er glade i å lese eller vil gjenoppdaga verda til litteraturen.