Bestill ein lesegledar!

Vil du ha besøk av ein lesegledar?
Ein lesegledar er ein bokelskar som gjerne vil gi andre eit godt og inspirerande møte med bøker. Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge.

I Sogn og Fjordane finst det i dag ti aktive lesegledarar. Lesegledarane har gått på kurs gjennom Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, og frå hausten 2015 kom ordninga i gang i Sogn og Fjordane. Det er etter modell frå Rogaland med Lesesenteret i spissen at konseptet med lesegledarar har oppstått.


Lesegledarane har eit godt overblikk over ny barne- og ungdomslitteratur, og spesielt den nynorske litteraturen.

Lesegledarane ønskjer å formidle til barn og unge, men gjerne også til vaksne som er mellom boka og barnet, som lærarar eller foreldre.

Ei økt med ein lesegledar kan ha mange former og ulike tilhøyrarar. Det kan dreie seg om ei rolig lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar for å vekke leselyst eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker for ei bestemd målgruppe.

Skuleåret 2016/2017 betalar Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek honoraret, oppdragsgjevar dekkjer reise og eventuelt kostgodtgjersle.


Korleis bestille?
Finn ein lesegledar som har ein meny som passar deg, og som dekkjer ditt geografiske område. Ta kontakt direkte med lesegledaren på telefon eller e-post, eller send inn ei bestilling via dette skjemaet.

Dersom vi får mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike målgrupper og regionar. Tal oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer og lesegledarane sin kapasitet i høve arbeidsoppgåver elles.

Nedanfor er lesegledarane presenterte, du kan lese meir om kvar enkelt ved å trykke på namnet. Enkelte vil helst formidle til foreldre og vaksne som jobbar med barn, eller til ei bestemd aldersgruppe. Nokre reiser gjerne i heile fylket, medan andre føretrekkjer å vere i nærområdet sitt.

Barnehage

Småskulen

Mellomtrinnet

Ungdomstrinnet

Vaksne