11; NoCache
Fjognedok med over 15.000 postar!

Fjognedok veks jamnt og trutt og har no passert 15.000 lokalhistoriske artiklar frå fylket.

Fjognedok er ein bibliografisk database over lokalhistoriske artiklar frå Sogn og Fjordane. Hovudsakleg er det lokalhistoriske tidsskrift, som t.d. sogeblad og årbøker, som vert systematisk gått gjennom og registrerte med m.a. forfattar, tittel og emne på artikkelnivå i basen. Men det vert også registrert artiklar frå andre bøker og tidsskrift i den grad vi kjem over dei.

Det siste tidsskriftet som er i ferd med å bli analysert er Kjelda , utgitt av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Dette tidsskriftet har Fylkesarkivet lagt i fulltekst på nettet og registreringane i Fjognedok viser direkte til sjølve artiklane i pdf-fil på nettet om ein trykkjer på tittel og vidare på lenkja som er oppført under nettressurser.


Siv-Merethe Hatlem (06/17/2010)





Utskrift

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Postboks 144, 6801 Førde
Tlf 57 72 18 80 - Faks 57 72 18 93
post.fylkesbiblioteket@sfj.no