Biblioteka kan søkje om midlar til Læringsdagene 2010
|
Tilskotet på 200.000 skal fordelast på lokale og regionale arrangement. Søknadsfrist 15. juni eller 1. september.
25.-31. oktober 2010 er det Læringsdagene, ein nasjonal kampanje for vaksne si læring med mål om å vise fram og få fleire til å ta i bruk det mangfaldige læringstilbodet som fins for vaksne. Læringsdagene for vaksne er leia av eit abeidsutval med prosjektleiar som representerar Voksenopplæringsforbundet.
Sidan det er nasjonalt Leseår, er det også lesing som er temaet for Læringsdagane. Bibliotek har ei sentral rolle i leseårsatsinga, og difor er det ønskjeleg å få til eit samarbeid med biblioteka også under Læringsdagene.
Arrangement som rettar seg mot allmennheita og som skjer i samarbeid med eit bibliotek vert prioritert, og eit breitt samarbeid mellom fleire partar vert vektlagt.
Søknad med arrangørar, type arrangement, tid, stad og oversikt over forventa kostnadar og tilskot skal sendast VOFO, postboks 9339 Grønland, 0135 Oslo eller til marit.moland(at)vofo.no innan 15. juni eller 1. september (to søknadsfristar).
Les meir om Læringsdagene 2010.
|
Siv-Merethe Hatlem (05/25/2010)
|
|