Registrering
Kvart år skal det hentast inn statistikk for bl.a. folkebibliotek, skulebibliotek fylkesbibliotek og mobil bibliotekteneste. Dette er heimla i Lov om folkebibliotek og forskrift om bibliotekstatistikk.
Kvart enkelt bibliotek skal rapportere inn statistikken på elektroniske skjema til ABMu, på sida http://www.abmstatistikk.no. Her ligg også rettleiing og avdelingsskjema.
Biblioteka/skulane får tilsendt brukarnamn og passord frå ABMu. Kommunane/fylkeskommunen får tilsendt oversikt over brukarnamn og passord for "sine" skular, pluss eige brukarnamn/passord for registrering.
Innsamla og bearbeidd statistikk blir lagt ut på ABMu sine statistikksider. Fylkesbiblioteket bearbeider og legg ut tal og kommentarar for folkebibliotekstatistikken for fylket.
Spørsmål
Fylkesbiblioteket skal følgje opp og rettleie folkebiblioteka, kommunane og fylkeskommunen. Kommunane og fylkeskommunen har ansvar for å følgje opp og rettleie grunn- og vidergåande skular. Skulane skal primært vende seg til skuleansvarleg i sin kommune/fylkeskommunen med spørsmål om statistikken, desse tar evt. kontakt med fylkesbiblioteket.
Sjølv om kommune/fylkeskommune er primærkontakt, kan fylkesbiblioteket også kontaktast direkte. Statistikkansvarleg ved fylkesbiblioteket er Robert Haugen, e-post robert.haugen@sfj.no, tlf. 57 72 18 89.
Tidlegare års folkebibliotekstatistikk for Sogn og Fjordane:
(t.o.m. 2004 også m/fylkesbibliotekets årsmelding)
Aktuelle lenker: